fredag 26. september 2014

Nattuglesokkar




Har strikka Lubbar etter mønster frå JORIDS MØNSTERBUTIKK.
Likar desse veldig godt og har difor strikka meg eit par til. Har også prøvd å komponere eit panneband, men eg ser at der må eg inn med nokre korrigeringar før eg vert fornøgd. 
Altså ein test den der.
Har brukt garnet som er anbefalt i oppskrifta som er Falk frå Dale Garn. 

onsdag 17. september 2014

Babyteppe

Nytt babyteppe er tatt av pinnene og er klar for sending til trivelege Trøndelag. Det er strikka i Dalegarn sitt Baby Ull. Oppskrifta har eg funne på PICKLES. Fornøgd med fargane.


fredag 27. juni 2014

Babyteppe



Ferdig med babyteppe nr. 1 av to planlagde i sommar. 
Har brukt Dale Babyull. La opp tre masker og auka to nøster og felte av to nøster. 
Enkelt og greitt :)

fredag 6. juni 2014

Kjærleik og varme



Har laga desse huene etter ynskje frå slektning til ein som går gjennom cellegiftbehandling og mister håret sitt. Det er ikkje berre lett og drive med "fjernprøving" og erfaringa mi er at ein må tenkje litt "trangare" og "kortare" når hovudet er fritt for hår. Huene set ikkje så godt då. Lett for å gli ned i augene om dei er for lange og vide. Men det er av prøving og feiling en lærer så eg vonar at ein eller to av desse skal passe greitt.


torsdag 15. mai 2014

mandag 21. april 2014

"Vårstrikk"




Ferdig med "Vårstrikk"-genseren frå min-design-strikk.
Lett å strikke, lett og god å ha på seg.

lørdag 12. april 2014

Min-design-strikk.

Er nett ferdig med og flytta inn i denne oversizedjakka frå min-design-strikk .
Så no er eg klar for neste produkt frå same strikkedesignar. 
Påskegjeremål på sitt beste.

"Vårgenser"