Viser innlegg med etiketten Strikkerier. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkerier. Vis alle innlegg

fredag 26. september 2014

Nattuglesokkar




Har strikka Lubbar etter mønster frå JORIDS MØNSTERBUTIKK.
Likar desse veldig godt og har difor strikka meg eit par til. Har også prøvd å komponere eit panneband, men eg ser at der må eg inn med nokre korrigeringar før eg vert fornøgd. 
Altså ein test den der.
Har brukt garnet som er anbefalt i oppskrifta som er Falk frå Dale Garn. 

onsdag 17. september 2014

Babyteppe

Nytt babyteppe er tatt av pinnene og er klar for sending til trivelege Trøndelag. Det er strikka i Dalegarn sitt Baby Ull. Oppskrifta har eg funne på PICKLES. Fornøgd med fargane.


fredag 27. juni 2014

Babyteppe



Ferdig med babyteppe nr. 1 av to planlagde i sommar. 
Har brukt Dale Babyull. La opp tre masker og auka to nøster og felte av to nøster. 
Enkelt og greitt :)

fredag 6. juni 2014

Kjærleik og varme



Har laga desse huene etter ynskje frå slektning til ein som går gjennom cellegiftbehandling og mister håret sitt. Det er ikkje berre lett og drive med "fjernprøving" og erfaringa mi er at ein må tenkje litt "trangare" og "kortare" når hovudet er fritt for hår. Huene set ikkje så godt då. Lett for å gli ned i augene om dei er for lange og vide. Men det er av prøving og feiling en lærer så eg vonar at ein eller to av desse skal passe greitt.


mandag 21. april 2014

"Vårstrikk"




Ferdig med "Vårstrikk"-genseren frå min-design-strikk.
Lett å strikke, lett og god å ha på seg.

lørdag 12. april 2014

Min-design-strikk.

Er nett ferdig med og flytta inn i denne oversizedjakka frå min-design-strikk .
Så no er eg klar for neste produkt frå same strikkedesignar. 
Påskegjeremål på sitt beste.

"Vårgenser"



mandag 27. januar 2014

Uglelubbar


Ferdig med  eit par lubbar. Strikka etter mønster som er kjøpt hos Jorids mønsterbutikk.
Brukt Falk frå Dalegarn. 
Gode på foten i alle fall.


onsdag 22. januar 2014

Baby


Huer og vottar til eit par tvillingar som er i kjømda.
Viking babyull.

lørdag 5. oktober 2013

Karipias` pulsvarmara


Har strikka meg nye, fine pulsvarmara i babyull. 
Mønsteret fann eg i bloggen til Karipia etter tips på ei gruppe på Facebook som heiter Skaperglede.
Lett og forståeleg mønster og dermed raskt å strikke dei. 
Har starta på eit par til.

lørdag 14. september 2013

Babytepper




Er ferdig med to nye babytepper.
Strikka i Dale Babyull.
Eit tvillingpar er i kjømda ut på nyåret. 
Tussa og Tassen skal i alle fall ikkje fryse.
Oppskrifta har eg funne på  PICKLES.

onsdag 11. september 2013

Babytepper




Her er to mjuke og gode tepper, strikka i Viking Babyull.
Dette er ei gåve til eit tvillingpar som kjem til verda ein gong i oktober/november.
Har ikkje brukt noko oppskrift. Strikka som sjal der eg har auka fram til eg har fått den storleiken eg vil ha og har då fellt av . Enkelt og greit.

torsdag 30. mai 2013

Ny sommargenser



Er no ferdig med ein ny bomullsgensar. 
Her har eg teke utgangspunkt i samme mønsteret som den forrige gensaren, "Strandstjerne". Strikka med "Bjørk" frå Vikinggarn som er noko tynnare, men eg gjekk opp ein storleik og den passar fint.
Lett og fint sommarplagg.

mandag 13. mai 2013

Strandstjerne


Eg er tydeligvis i genserstrikkemodus. 
Her er nr. 2 denne våren og eg er veldig fornøgd.
"Strandstjerne" er navnet og mønster og garn er kjøpt på Strikkenett.no
Har brukt garnet i oppskrifta som er Cotton Light frå Drops.

torsdag 28. mars 2013

$5 Paris genser


Her er genseren eg har strikka meg medan eg er rekonvalesent etter ein operasjon. 
OPPSKRIFTA er på engelsk, men eg fekk stava meg gjennom den og hadde fire startforsøk før 
eg kom ordentlig i gong. Startar med brotet på halsen skjønte eg etterkvart.
Har brukt Drops sin Paris, bomullsgarn.



Lurer på og strikke meg ein til i lyse sommarfargar.
Tenkjer litt på det.


mandag 11. mars 2013

Nye panneband


Har laga panneband til eit par fantetanteunger.
Det rosa er strikka i Sterk frå "Du store alpakka".
Det raude er i Silja frå Gjestal garn.

lørdag 2. mars 2013

Hjartehaudeplagg


Tre haudeplagg i ein fart. Huene passar til born og pannebandet til ein vaksen.
Greitt å ha noko moro å strikke når ein skal roe ned kroppen litt.
I den grøne har eg brukt Juvel i tillegg til det fleirfarga som er Silja.
Pannebandet er Smart frå Sandnes garn.



torsdag 28. februar 2013

Hjartehue

Har endeleg fått litt fart på pinnene. Sidan eg er ubrukeleg på jobb for tida og difor sjukmeld er strikking ei av dei tingene som får meg til å gjere det eg skal, nemlig å slappe av. 
Fann denne hua HER på Ravelry og synst den blei litt artig med fleirfarga garn i hjartene.
Her har eg brukt Silja frå Gjestal.
Eg kan godt strikke fleire av den, ja.

fredag 2. november 2012

lørdag 27. oktober 2012

Tove vottar

Her har eg strikka eit par vottar som er klar for toving.
Vamsegarn. Fargen skal vere lys gråblå. Den kjem ikkje heilt fram her.

mandag 22. oktober 2012

Gutehue

Denne hua er strikka rett opp med to rette og to vrange.
Garnet er Viking sitt babyull.
Pinnenr. 2,5.