Viser innlegg med etiketten Pulsvarmara/Hanskar/Vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pulsvarmara/Hanskar/Vottar. Vis alle innlegg

lørdag 5. oktober 2013

Karipias` pulsvarmara


Har strikka meg nye, fine pulsvarmara i babyull. 
Mønsteret fann eg i bloggen til Karipia etter tips på ei gruppe på Facebook som heiter Skaperglede.
Lett og forståeleg mønster og dermed raskt å strikke dei. 
Har starta på eit par til.

fredag 2. november 2012

lørdag 27. oktober 2012

Tove vottar

Her har eg strikka eit par vottar som er klar for toving.
Vamsegarn. Fargen skal vere lys gråblå. Den kjem ikkje heilt fram her.

lørdag 3. mars 2012

Betsy pulsvarmara



Ferdig med eit par Betsy eller Twitter pulsvarmara etter oppskrift frå 
MARION på Twitter.
Det multifarga garnet er Online og det svarte er Daletta.

fredag 2. mars 2012

Notering


Det er ikkje mykje eg oppgraderer denne bloggen for tida, men eg ligger ikkje heilt på latsida. Har starta i full jobb att etter ei par år i redusert stilling. Det går fint, men det vert sjølvsagt litt mindre produksjon når eg i tillegg skal halde meg i form med litt mosjon 2-4 gonger i veka.
Nett no er det ein genser og eit sjal og eit par lubbar til meg sjølv. Har og lagt opp til eit par bunadstrømpar til herre. 
Midt opp i alt dette har Marion freista meg med prøvestrikking av eit par pulsvantar. Det er det eg kosar meg med i dag før eg skal ha meg ein tur ut i det fine været.



mandag 28. november 2011

onsdag 16. november 2011

Raude pulsvarmara


Som lubbane har eg strikka desse i "Fabel".
Oppskrifta kom berre etterkvart som eg strikka.

tirsdag 1. november 2011

Englevottar



Ferdig med englevottane som eg fann mønsteret til på Jorids mønsterbutikk.
Eg har brukt "Hverdagsalpakka" frå  Du store alpakka og pinne nr. 2,5 slik at vottane vart små nok til mine lekre små nevar

fredag 21. oktober 2011

Sjal og pulsvarmara



Er ferdig med eit sett sjal og pulsvarmara. 
Har brukt tynn alpakka frå
I Førde har dei det på "Sybutikken" på Førde Torg.

onsdag 4. august 2010

Pulsvarmara i raudt og svart.


Strikka i Sisu og hekla kant rundt.

Pulsvarmara med blonder




Desse pulsvarmarane er strikka av Sisu-garn med sølvtråd lagt inn som effekt. Blondene er frå nokre tights som blei til shorts i sommar.

søndag 28. februar 2010

Prøveprosjekt



Desse fingerlause hanskane er strikka av eit garn eg har gløymt namnet på. Har sjølvsagt kasta magebeltet, men skal finne ut av det sidan eg kjøpte nøstet på "Skjermstova" i Førde.
Det er ull og acryl som vardårleg tvinna og delte seg lett. Skal eg bruke dette garnet att vert det nok sjal. Mne gode og varme er dei nok. Og, ja, dei er strikka av same nøstet.

søndag 17. januar 2010

Fuglevottar


Endeleg ferdig med "Fuglevottane". Det er tregt å strikke med mønster, men det er moro når det er ferdig.
Mønsteret har eg funne på Jorids Mønsterbutikk.

fredag 15. januar 2010

Litt kjedelig....men spanande.

Eg har ikkje strikka så mykje med mønster før, men har veldig lyst på desse vottane. Har til no brukt eitt år på desse. No har eg bestemt meg for å gjere dei ferdig uansett. Har bruk for dei.