Viser innlegg med etiketten Lubbar/ Sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lubbar/ Sokkar. Vis alle innlegg

fredag 26. september 2014

Nattuglesokkar




Har strikka Lubbar etter mønster frå JORIDS MØNSTERBUTIKK.
Likar desse veldig godt og har difor strikka meg eit par til. Har også prøvd å komponere eit panneband, men eg ser at der må eg inn med nokre korrigeringar før eg vert fornøgd. 
Altså ein test den der.
Har brukt garnet som er anbefalt i oppskrifta som er Falk frå Dale Garn. 

mandag 27. januar 2014

Uglelubbar


Ferdig med  eit par lubbar. Strikka etter mønster som er kjøpt hos Jorids mønsterbutikk.
Brukt Falk frå Dalegarn. 
Gode på foten i alle fall.


fredag 11. januar 2013

Min hæl på sokkar

Eg har fått ein forespørsel om eg kan legge ut oppskrift på hælen eg brukar på sokkane eg strikkar og her kjem den:

Strikk hæl over m på 1. og 4. pinne så høgt som det står i oppskrifta. Slutt med ein omg. frå retta.

Hælfelling: Strikk 2 m forbi midtmaska, strikk 2 m saman og 1 m. Snu og strikk 2 m forbi midtmaska, ta ei maske laust av, strikk 1 m og dra den lause m over , strikk 1 m. Snu. Strikk til m før "holet". Strikk m før og etter "holet" saman, strikk 1 m. Snu. Strikk m før "holet", ta den laust av, strikk den neste m og dra den lause over. Strikk 1 m og snu. Hald fram med å felle på denne måten til alle m utanfor "holet" er felt.
Vonar at dette kan vere til hjelp. 
Lukke til.


onsdag 17. oktober 2012

Lubbar og hue

Hadde noko Sisu-garn liggande og det er vorte lubbar og ei hue. 
Greit å ha noko enkelt strikk inn i mellom. 
Lua er jo berre å legge opp 150 masker og strikke 2 r, 2 vr oppover til ein feller av og syr att oppe på toppen. 

mandag 25. juni 2012

Lubbar

Har vore ute av drift nokre veker grunna smerter i skuldrer og nakke.
Strikkeforbud og ordre om roligheita gjev lite produksjon. Er endeleg ferdig med desse "ankellubbane" til meg sjølv. Dei er strikka i babyull frå Gjestal og er mjuke og gode på føtene.

lørdag 28. april 2012

fredag 30. mars 2012

Strikk og lytt

Er ikkje den store produksjonen for tida, men av og til slappar 
eg av med bunadstrømpestrikk og lydbok.



tirsdag 24. januar 2012

Årets første


Lubbar til meg sjølv i "Online".
Dette garnet fann eg i Sogndal. Eg skal inn att der og snope garn, ja.

onsdag 9. november 2011

Raude lubbar

Har strikka meg raude lubbar i det fabelaktige fabelgarnet.
Oppskrifta står i magebandet rund nøstet.

torsdag 21. april 2011

På plass!


Då er strømpene komne fram til mottakar og det ser ut som dei passar fint.
Det skal bli kjekkt å sjå dei i "levande live" også.

fredag 8. april 2011

fredag 1. april 2011

Bunadsstrømper II



Då er eg ferdig med bunadstrømpepar nr.2 og er sjølv fornøgd med resultatet.
Vonar at mottakaren vert like fornøgd.

tirsdag 22. mars 2011

fredag 4. februar 2011

lørdag 1. januar 2011

Bunadsstrømper II



Då har eg starta på par nr. 2. 
får tru mottakaren vert fornøgd når eg har levert det ferdige produktet.

fredag 24. september 2010

Fabelsokkar


Har strikka meg sokkar til hausten. Likar dei friske fargane som dette Fabelgarnet har.

onsdag 7. april 2010

Ferdige strømper

Så var eg ferdig med dei første bunadsstrømpene eg har strikka.
Det er desse som vert brukt til herrebunaden frå Sunnfjord.
Garnet er Rauma 2 tr. Gammelserie strikkegarn.
Spælsaugarn som tå- og hælforsterkning.