fredag 11. januar 2013

Min hæl på sokkar

Eg har fått ein forespørsel om eg kan legge ut oppskrift på hælen eg brukar på sokkane eg strikkar og her kjem den:

Strikk hæl over m på 1. og 4. pinne så høgt som det står i oppskrifta. Slutt med ein omg. frå retta.

Hælfelling: Strikk 2 m forbi midtmaska, strikk 2 m saman og 1 m. Snu og strikk 2 m forbi midtmaska, ta ei maske laust av, strikk 1 m og dra den lause m over , strikk 1 m. Snu. Strikk til m før "holet". Strikk m før og etter "holet" saman, strikk 1 m. Snu. Strikk m før "holet", ta den laust av, strikk den neste m og dra den lause over. Strikk 1 m og snu. Hald fram med å felle på denne måten til alle m utanfor "holet" er felt.
Vonar at dette kan vere til hjelp. 
Lukke til.


Ingen kommentarer: