torsdag 28. februar 2013

Hjartehue

Har endeleg fått litt fart på pinnene. Sidan eg er ubrukeleg på jobb for tida og difor sjukmeld er strikking ei av dei tingene som får meg til å gjere det eg skal, nemlig å slappe av. 
Fann denne hua HER på Ravelry og synst den blei litt artig med fleirfarga garn i hjartene.
Her har eg brukt Silja frå Gjestal.
Eg kan godt strikke fleire av den, ja.

Ingen kommentarer: