Viser innlegg med etiketten Tunika/genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tunika/genser. Vis alle innlegg

mandag 21. april 2014

"Vårstrikk"




Ferdig med "Vårstrikk"-genseren frå min-design-strikk.
Lett å strikke, lett og god å ha på seg.

torsdag 30. mai 2013

Ny sommargenser



Er no ferdig med ein ny bomullsgensar. 
Her har eg teke utgangspunkt i samme mønsteret som den forrige gensaren, "Strandstjerne". Strikka med "Bjørk" frå Vikinggarn som er noko tynnare, men eg gjekk opp ein storleik og den passar fint.
Lett og fint sommarplagg.

mandag 13. mai 2013

Strandstjerne


Eg er tydeligvis i genserstrikkemodus. 
Her er nr. 2 denne våren og eg er veldig fornøgd.
"Strandstjerne" er navnet og mønster og garn er kjøpt på Strikkenett.no
Har brukt garnet i oppskrifta som er Cotton Light frå Drops.

torsdag 28. mars 2013

$5 Paris genser


Her er genseren eg har strikka meg medan eg er rekonvalesent etter ein operasjon. 
OPPSKRIFTA er på engelsk, men eg fekk stava meg gjennom den og hadde fire startforsøk før 
eg kom ordentlig i gong. Startar med brotet på halsen skjønte eg etterkvart.
Har brukt Drops sin Paris, bomullsgarn.



Lurer på og strikke meg ein til i lyse sommarfargar.
Tenkjer litt på det.


fredag 28. september 2012

Ferdig med Inga Låmi 2012


Då var eg ferdig med genseren frå Dale Garn. 
Heftet heiter Dale VM kavalkade 1966 & 1989.
Retrokolleksjon fra Arne og Carlos.
Strikka i Daletta.
Eg må minne meg sjølv på at eg heretter skal strikke raglanfelling. Hatar å klippe i strikka plagg.



tirsdag 25. september 2012

Så var det montering


Jadda! 
Ferdigstrikka og venter på hals og bli sett i hop.
Neinei, jaja. Den som venter får sjå.

mandag 3. september 2012

Inga Låmi genseren 2012

Då eg fekk auge på denne "Inga Låmi"-genseren kjende eg det i strikkefingeren at denne er eit "må ha"-produkt for meg. Etter at den har lagt langt ned i korga i sommar har eg no teke den opp att og har planar om å få den ferdig. Har no att det rosa på bolen og så er det armane. Dette skal gå.




fredag 24. august 2012

Fritt etter Skappel


Her er det eit teikn på at det spinner liv i skinnet etter ei lang pause med strikking etter skulderplager med påfølgande ferie og uteliv i skog og på fjell.
Har lete meg inspirere av oppskrifta til genseren til Dorte som dattera Maria har lagt ut på motebloggen sin.
Eg har brukt eit heilt anna garn som heiter Filz&Fun som var på tilbod på "Sybutikken" til Sari i Førde.
Funka fint. Eg har ein varm og god genser for kalde haustkvelder og vinterdagar.

torsdag 17. mars 2011

Ferdig tunika

Då var tunikaen ferdig eit halvt år før planlagt.
Ser ut som det ikkje gjer noko ting. 
Garn: Falk, Dalegarn.